mandag 19. september 2011

Ukas foto (38)

Elevene har hatt læringsoppdrag med temaet "Høst". Magnus har tatt en hel serie og ukas foto er noen av disse høstbildene. Han skriver:
"I dette innlegget har eg tatt for meg hausten. Biletene viser mine assosiasjoner av hausten. Siden eg er ein sankar-entusiast har eg tatt ein del bilete av hausten sine frukter. Hausten er ikkje berre ein årstid. Det er ein ventetid, ei tid der plantene får frukter og etterpå visnar ned. Ein del pattedyr byrjar også på ein lang dvale om hausten som skal vare heilt til snøen og kulden igjen trekk seg tilbake. Eg er født om hausten og har difor eit spesielt forhold til denne tida. Sjølv om det ofte regner og veret blir kaldare, kan ein godt kalla hausten for den vakraste årstida. Blader og blomster blir røde, gule og brune. Bær i sterke fargar kjem også fram. og kvardagen blir full av fargar.

Sankingen er ferdig! Ikkje akkurat ein veldig vellukka haust. Sjølve komposisjonen syntes eg var spanande fordi det skapar ei open form inni ei lukka form. Kantareller og einebær er nokre av hausten sine frukter og samstundes ein god fargekombinasjon.


Morgondisen legg seg over skogen og mystikken rår - eit typisk haustbilet etter min smak. Spenning med store valørkontraster mellom trea og disen. Dette er også eit lagdelt bilete med eit tre i forgrunnen, fleire tre i mellomgrunnen og forskjellige former i tåka i bakgrunnen.
Årets første tyttebærtur. Lagdelt bilete med interessepunkt, fargekontraster og skrålinjer. Tyttebærene er eit mykje elska bær i Noreg." 

Se Magnus sin egen blogg for flere foto og kommentarer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar